Økonomi

Dyrevelferdsindikatorane og økonomien på garden

Ein ny studie syner god samanheng mellom dyrevelferdsindikatorane og dekningsbidraget.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar i Tine

Kalv og ungdyr er saman med levetid og fruktbarheit dei dyrevelferdsindikatorane som har den klaraste samanhengen med dekningsbidraget.

Foto: Turi Nordengen

I ein studie i haust såg vi på samanhengen mellom dei ulike delindikatorane i dyrevelferdsindikatoren og økonomien målt som dekningsbidrag pr. årsku inkludert tilskott. Vi kopla saman data frå Tine Lønsemd-Analyse (TLA) og dyrevelferdsindikatoren i 2019, og enda opp med totalt 459 bruk frå heile landet. Her presenterer vi resultata for kvar delindikator, rangerte etter kor mykje indikatorane påverka dekningsbidraget.

Kalv, ungdyr, levetid og fruktbarheit

Desse fire indikatorane synte den klaraste samanhengen med dekningsbidraget. Kalv er sett saman av tal daue kalvar og tal behandla kalvar. Dekningsbidraget pr. ku aukar med inntil 3000 kroner frå negative indikatorverdiar kring -3 til -4 og opp til dei høgaste verdiane over +2.5. Etter å ha sett dette talet uttalte ein mjølkeprodusent seg slik: «Godt kalvestell gjev kyr som mjølkar godt og oksar som veks fort». Ungdyr er sett saman av tal daue dyr, tal behandla dyr, tilvekst, slaktevekter samt alder ved første kalving. Dekningsbidraget pr. ku aukar med om lag 2350 kr frå dei 10 prosent av bruka med lågast indikatorverdiar og opp til verdiar over null. For dei om lag 10 prosent av bruka med verdiar over +4, er auken om lag 3000 kroner pr. ku. Levetid inneheld tal utrangerte kyr ved ulik alder samt levetida til kyr med meir enn to laktasjonar. Dekningsbidraget aukar med om lag 1700 kr pr. årsku frå dei om lag 10 prosent av bruka med negative verdiar i intervallet -6 til -3, og opp til om lag +3. Mange utrangerte kyr og kort levetid indikerer gjerne at utrangeringa er uønskt. Fruktbarheit er sett saman av avstand frå siste inseminering til første, utrangering på grunn av dårleg fruktbarheit, samt kalvingsintervall. Dekningsbidraget aukar med om lag 1400 kroner pr. ku frå dei om lag 15 prosent av bruka med indikatorverdiar kring -5 og opp til verdiar mellom +1 og +2, for deretter å minke litt.

«Ein måte å bruke tala på kan vere å plukke ut ein indikator du vil forbetre og rekne litt på kva det kan bety økonomisk»

Daue kyr, avhorning, klauv og mjølkeavdrått

Daue kyr er sett saman av kyr som dauar eller må avlivast, samt naudslakt. Dekningsbidraget aukar jamt oppover frå verdiar kring -1 opp til den tredelen av bruka som har dei høgaste indikatorverdiane, og auken er på om lag 750 kr. Ved tolking av dette talet må ein vere merksam på at eventuell forsikringsutbetaling ikkje er teken med på inntektssida, samt at i middel for alle buskapar dauar det berre om lag ei ku kvart fjerde år. Avhorning inneheld tal kalvar med hornanlegg samt alder ved avhorning. Dekningsbidraget pr ku aukar med om lag 700 kr frå dei lågaste indikatorverdiane og opp til verdiar kring +5-6, for deretter å minke litt. Klauv inneheld klauvlidingar, bruk av profesjonell lauvskjærar og tal skorne kyr. Dekningsbidraget aukar med om lag 700 kr frå negative verdiar kring -5 og opp til positive verdiar kring +5-6, for deretter å minke på dei aller høgaste indikatorverdiane. Årsakene til nedgangen kan for eksempel vere gummibelegg på spaltegolv som krev hyppigare skjering, eller at nokon bønder skjer alle klauver på alle kyr kvar gong uansett behov. Samstundes er det viktig å ha i mente at investering i klauvskjering kan gje auka lønsemd på andre område som helse, avdrått og fruktbarheit. Mjølkeavdrått er differansen i avdrått mellom første-, andre- og tredjekalvskyr. Dekningsbidraget aukar med om lag 600 kroner per ku frå dei lågaste indikatorverdiane kring -1 og opp til verdiar kring +1. For dei høgaste indikatorverdiane går dekningsbidraget litt ned.

Metabolisme og jurhelse

To indikatorar skilde seg ut. Metabolisme er sett saman av mange ulike delelement. Deknings-bidraget pr. ku aukar med om lag 400 kr opp til verdiar kring null, for deretter å minke tilsvarande. For å finne årsakene til denne nedgangen må vi truleg samanlikne store grupper av bruk med høge og låge indikatorverdiar. Jurhelse, som måler tal kyr med celletal over 200 000, tal mastittbehandlingar og tal kyr utrangerte på grunn av mastitt, syner eit liknande mønster. Dekningsbidraget aukar med om lag 500 kr pr. ku frå indikatorverdiar kring -5 og opp til om lag null, for deretter å minke. Vi veit ikkje kva årsakene til nedgangen er. Kan hende spelar ubehandla kyr som skulle vore behandla for mastitt, utsortering av mjølk med høgt celletal og ufullstendige registreringar i Kukontrollen ei rolle. Ved indikatorverdiar over null bør ein difor kikke på desse faktorane før ein set i verk forbetringstiltak.

«Funna våre stadfestar at det er ein klar samanheng mellom dyrevelferdsindikatorane og økonomien»

Praktisk bruk av indikatorane

På ei samling for økonomirettleiarar oppsummerte ein deltakar funna slik: «Så lenge indikatorverdiane ligg under null (landsmiddelen), er det uansett bryet verdt å jobbe for å klatre oppover.» Denne påstanden gjeld for alle indikatorane. Funna våre stadfestar at det er ein klar samanheng mellom dyrevelferdsindikatorane og økonomien. Dei fleste har ein eller annan indikator som kan forbetrast. Ein måte å bruke tala på kan vere å plukke ut ein indikator du vil forbetre og rekne litt på kva det kan bety økonomisk. Dekningsbidraget aukar stort sett jamt oppover frå dei lågaste til dei høgaste indikatorverdiane. Til slutt står det berre att å minne om at indikatorar ikkje kan erstatte eit fjøsbesøk, og at indikatorane er viktige for Tine som bedrift.